Arbeidsopphald

Vi har no fylt opp bustadene og studioa ved Leveld Kunstnartun for arbeidsopphald i 2019 og ut heile 2020. I løpet av dei neste tolv månadene vil vi får besøk av 32 kunstnarar innanfor ei rekkje ulike kunstfelt.

Fylg oss på Facebook og her på nettsida for oppdatert informasjon om kven som er på opphald det neste året.

Neste frist for å søke opphald ved Leveld Kunstnartun er 1. april 2020. Då tildeler vi opphald for 2021. Dei utvalde kunstnarane får svar på søknadene inna juni 2020.

Ny dagleg leiar

Styret i Foreininga Leveld Kunstnartun har tilsett Anne Nordheim O’Hare som ny dagleg leiar frå 1.9.2019.

Styret i Leveld Kunstnartun har tilsett Anne Nordheim O`Hare som dagleg leiar i Leveld Kunstnartun i åremål for fire år frå 1. september 2019.

Anne Nordheim O'Hare (f. 1985) er frå Vats i Ål, men har budd fleire år i Oslo og London. Ho har studert kultur og kommunikasjon og medievitskap på Universitetet i Oslo, og arbeidd med radio, kulturfestivalar og i større organisasjonar. Sidan 2016 har ho jobba som kommunikasjonsrådgjevar ved UiO. No flyttar ho heim til Ål med mann og born, og gler seg til å ta fatt på jobben som dagleg leiar ved Leveld kunstnartun frå 1.september.