Opphaldet er tiltenkt ulike type kunstnarar: biletkunstnarar, forfattarar, musikarar og kulturarbeidarar m.v. Det er eit vilkår at ein er medlem i ein fagorganisasjon, til dømes Norske Billedkunstnere, forfatterforeninga m.v., eller at ein kan legge fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.
Stipendopphalda inneheld gratis opphald i kunstnartunet med bruk av verkstad og internett. Kunstnarane må sjølve ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk. Opphaldsperiodane er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at dei som får eit arbeidsopphald formidlar sine prosjekt eller relaterte emne lokalt, i form av utstilling, opplesing, kurs, konsert e.l., anten i kunstnartunet eller andre eigna stader i Hallingdal.