Me søkjer daglege leiar

Har du lyst på ein av dei mest spennande kulturjobbane i Hallingdal?

Noverande åremål går ut 1. september 2019. Me lyser derfor ut 60 prosent stilling som dagleg leiar i Leveld Kunstnartun, i fire års åremål frå 1. september 2019 – 1. september 2023.

Arbeidsoppgåvene er:

- Stå for dagleg drift – praktisk, administrativt og økonomisk

- Lyse ut arbeidsopphald, innstille og følge opp kunstnarane

- Saman med kunstnarane legge til rette for gode formidlingar i Hallingdal

- Utvikle kunstnartunet gjennom dialog med det offentlege, kunstorganisasjonar/-institusjonar, ponsorar og andre samarbeidspartnarar

 

Du bør ha erfaring frå kulturarbeid, sjå kvaliteten og utviklingspotensialet i kunstnartunet, vera strukturert og ha god evne til gjennomføring og kommunikasjon.

Søknadsfrist 20. mars


Send søknaden til: Leveld Kunstnartun, ved styreleiar Steinar Saghaug, Johan Castbergs vei 8, 0673 Oslo – eller steinar@saghaug.no tlf: 913 72 242.