Leveld Kunstnartun er ein internasjonal gjestekunstnararena som tilbyr gratis bustad, atelier og verkstad i opptil 3 månadar. Kunstnartunet er åpent heile året, og det er minimum 3 kunstnarar på tunet til ein kvar tid. Biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, komponistar, scenekunstnarar, arkitektar og tverrfaglege kunstnarar frå heile verda kan søke om opphald for å kome og arbeide konsentrert ein periode.
På tunet juni
-

I
-
Mishi Foltyn, Per Stian Monsås, Audrey Chen, Henrik Munkeby Nørstebø
Kunstnarane er på tunet i juni og lagar sommarutstillinga HIMMELRETNINGAR
Mishi Foltyn og Per Stian Monsås er kunstnarar busette i Trondheim som samarbeider om monumentale installasjonar og samfunnsengasjerte førestillingar om rolla kunsten har i kvardagen.
Audrey Chen og Henrik Munkeby Nørstebø er eksperimentelle musikarar og lydkunstnarar busette i Berlin, som har spesialisert seg på vokal, trombone og elektronikk, og som samarbeider i duoen Beam Splitter.
Opning HIMMELRETNINGAR
Laurdag 20. juni kl 13
Velkommen!
Formidling
Opne atelier
Med jamne mellomrom arrangerast det opne atelier der gjestekunstnarane presenterar arbeidet sitt og gjev publikum eit innblikk i den kunstnariske arbeids-prosessen.
Sommarutstilling
Kvart år vert det arrangert ei kuratert utstilling i kunstnartunet. Ofte er det tidlegare gjestekunstnarar som får dette oppdraget. Utstillinga er open kvar dag, heile døgnet frå midten av mai til starten av oktober, og har omlag 2000 besøkande kvart år.
Nesch og ungane
Vi har også et samarbeid med skulene i Ål og Den Kulturelle Skulesekken (DKS). Her får elevane teoretisk og praktisk undervisning i kunstfag. Vi har mellom anna gjennomført prosjekt med trykk-plater inspirert av Rolf Nesch, der ungane får hjelp av ein grafikar til å lage sitt eige trykk i Grafikkverkstaden.
Utvalde gjestekunstnarar 2026:
Anne Karin Jortveit (NO), Anna Yovka (UA), Johan Andrén (SE), Kostas Zisimopoulos (GR), Alejandro Marra Mejia (MX), Anne-Marie Hammerbeck (NO),Karl Ingar Røys (NO), Maria Katarina Del Rosario (PH), Jeanne Artemis (DE), Sylvia Hinz (DE), Nicoletta Favari (IT), Christopher Salvito (IT), Ellen Sofie Griegel (NO), Ivan Markovic (RS), Seda Tunc (AT), Anne Guro Larsmoen (NO), Geetanjali Prasad (IN), Franzisca Siegrist (ES), Beatrice Guttormsen (NO), Marie Nerland (NO), Carlos Guiterrez (BO), Natascha April (FR), Carin Castengren (SE)