LEVELD KUNSTNARTUN

Her tilbyr me ein bygdenær og stille stad der naturen, årstidene og lyset gir inspirasjon og gode rammevilkår. I tillegg legg Leveld Kunstnartun vekt på formidling, både i eigen regi og ved at kunstnarar på opphald formidlar det dei driv med. 

Leveld Kunstnartun er ein arbeidsstad der utøvande kunstnarar, kulturarbeidarar og kunstfagfolk kan arbeide i kortare eller lengre periodar, og der utøvarar med ulik bakgrunn kan arbeide på tvers av sjangrar. Tunet ligg i grenda Leveld, Ål i Hallingdal.

Untitled-2.1.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

leveld.jpg

Leveld har barneskule, barnehage, samfunnshus, svømmehall og butikk. Det er 13 km til Ål sentrum. Her ligg Ål kulturhus som tilbyr eit rikt utval av kulturarrangement. Kulturhuset har bibliotek, utstillingslokale og husar ei stor samling av Rolf Nesch-kunst – i Nesch-museet.

Leveld Kunstnartun ligg i Leveld i Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen. Sjå kart. Bygda ligg 700 moh, ved foten av Skarvheimen og er ei levande bygd med rundt 300 innbyggjarar. Med utgangspunkt i Leveld kan ein enkelt oppleve fjellet i alle årstidsvariasjonar.

Untitled-211.jpg

 

 

 

 

 

gc3b8sta-og-bergaplass-21-1000x288.jpg

Leveld Kunstnartun byggjer på Leveld si kulturhistorie. Mange kunstnarar reiste til denne bygda for å hente inspirasjon og arbeide. Dei budde på gardane og vart ein del av bygdemiljøet.

Gerhard Munthe kom fyrst på 1880-talet. Seinare, frå 1930 og utover, kom fleire. Mange vart fascinert av lyset i Leveld, og mange av dei var knytt til det antroposofiske miljøet, inspirert av Göthes fargelære. Nils Ellingsgard, som har skrive om biletkunsten i Hallingdal, meiner desse kunstnarane skaffa Leveld ein plass i norsk kunsthistorie.

 

Fleire kunstnarar følgde etter Munthe: Thor Bøhn, Gøsta Munsterhjelm, Karl Høgberg, Kaare Wildhagen, Fridtjof Smith-Hald d.y., Alvhild Bratt, Hetty Gleditsch, Pelle Roll Thommesen og Alf Jørgen Aas var biletkunstnarar. 

Jens Bjørneboe og Agnar Mykle var blant forfattarane. Begge bygde seg feriestad i bygda. Stabburet som Jens Bjørneboe budde fleire somrar i, står i dag i kunstnartunet. Gulle Brun og Signe Seim har begge funne del av si diktarstemme i Leveld. 

3.jpg

"Jeg tror det er umulig å forstå hvordan Bjørneboe utøvde sitt forfatterskap og klarte å utvikle seg som forfatter uten å kjenne til disse somrene i Leveld" - Tore Rem, forfattar av biografien om Jens Bjørneboe.

«Det gjaldt å få kosmiske perspektiver inn i bildene, og i denne sammenhengen føltes kanskje Leveld annerledes enn for eksempel Telemark. Leveld var liksom løftet opp i et annet lys, høyfjellet var nærmere, man befant seg på verdens tak i en atmosfære av besynderlig letthet» - Thor Bøhn.

1.jpg

«Eg trur Leveld Kunstnartun vil få nasjonal betydning og kanskje også vekkje internasjonal interesse» - Jostein Gaarder

Untitled-24.jpg

I dag kjem det kunstnarar frå heile verda på arbeidsopphald til Leveld. Kunstnarar leverer noko tilbake til bygda og regionen gjennom formidling i form av konsert, foredrag, diktlesing, open verkstad eller til dømes eit samarbeid med skulen. Samspelet mellom kunstnarar utanfrå og det lokale kunst- og kulturlivet er utviklande for begge partar, og eit mål i seg sjølv. Kunstnartunet arrangerer sommarutstilling kvart år, og annankvart år er det "Stabbursfrieri - grenselaus kulturfestival" i tunet. Les meir om dette under aktivitetar.

Leveld Kunstnartun er ferdig utbygd og oppussa. Tunet består av to bustadhus: Lærarbustaden og Astridtugu, loftet (stabburet) til Jens Bjørneboe, ein skåle som fungerer som arbeidsrom og eit nytt fleirbruksbygg med store atelier/arbeidsrom og forsamlingslokae. Det sosiale bufellesskapet er ein del av tanken med Leveld Kunstnartun. Det same er jobbing på tvers av genrar og kunstfelt. Når ulike kunstfelt møtest, oppstår gjensidig inspirasjon og kreativitet. På denne måten vil kunstnartunet vere ein møtestad for tverrfagleg samarbeid og nye uttrykksformer. 

Untitled-2.1.jpg

Lærarbustaden er eit 50-tals hus med plass til 2-4 personar. Her er det nytt bad, nyoppussa kjøkken, to store soverom og to stover. 

Astristugu er det vesle raude huset ved sida av. Her budde Astrid Haugen, heimehjelp og omsorgsperson i bygda. Ho levde eit nøysomt liv i den vesle stova, og tanken er å ta vare på hennar historie. Huset stod ferdig oppussa hausten 2014. Huset inneheld stove med kjøkkenkrok, bad og eitt soverom. Eignar seg for 1-2 personar.

Skålen er eit gamalt uthus som er bygd om til atelier. I den øvre etasjen er det eit 20 km2 stort isolert arbeidsrom, eigna til ulike type skapande aktivitetar. Het står det blant anna ein gamal vev. 

Bjørneboe-loftet er eit viktig kulturminne. Dette loftet kjøpte Jens Bjørneboe og kona Lisel på 50-talet og brukte det som hytte. I dag fungerer det som eit kultursmykke, ein skrivestad og eit tankeloft.

Låven er eit nytt fleirbruksbygg som speglar vår tids arkitektur, med to gode og store studio/atelier i øvre etasje og forsamlingslokale/fleirbruksrom med kjøkken i 1.etasje. Inngangspartiet mot tunet fungerer også som scene sommarstid. Bygget er teikna av arkitekt Ola Haug Hagen i arkitektfirmaet Arkitekthagen. 

1.jpg