LEVELD KUNSTNARTUN AiR

IN RESIDENCE IN APRIL:

BIRGITTA NORDSTRöM, DEREK SARGENT & MAGNHILD OPPDØL

Open Studios Thursday 25. April 6 - 8 pm

Presentation Birgitta Nordstrøm Tuesday 23. April 7 pm Ål Bibliotek (Library)

1.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

DJI_0051+%282%29.jpg

Leveld Kunstnartun tilbyr gratis arbeidsplass til biletkunstnarar, forfattarar, kuratorar, filmskaparar, danserar, scenekunstnarar, musikarar, komponistar, kunstnarar innafor nye mediar og arkitektar.

Dei besøkande kunstnarane kjem frå Noreg og heile verda for å arbeide i våre atelierer og verkstader i 1-3 månader.

LKT får støtte frå Kulturdepartementet, Norsk Kulturråd, Viken fylkeskommune og Ål kommune.

Leveld Kunstnartun ligg i Leveld i Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen.

Bygda ligg 700 moh, ved foten av Skarvheimen og er ei levande bygd med rundt 300 innbyggjarar.

Untitled-211.jpg

Leveld Kunstnartun byggjer på Leveld si kulturhistorie. Mange kunstnarar reiste til denne bygda for å hente inspirasjon og arbeide. Dei budde på gardane og vart ein del av bygdemiljøet.

Gerhard Munthe kom fyrst på 1880-talet. Seinare, frå 1930 og utover, kom fleire. Mange vart fascinert av lyset i Leveld, og mange av dei var knytt til det antroposofiske miljøet, inspirert av Göthes fargelære. Nils Ellingsgard, som har skrive om biletkunsten i Hallingdal, meiner desse kunstnarane skaffa Leveld ein plass i norsk kunsthistorie.

 

Fleire kunstnarar følgde etter Munthe: Thor Bøhn, Gøsta Munsterhjelm, Karl Høgberg, Kaare Wildhagen, Fridtjof Smith-Hald d.y., Alvhild Bratt, Hetty Gleditsch, Pelle Roll Thommesen og Alf Jørgen Aas var biletkunstnarar. 

Jens Bjørneboe og Agnar Mykle var blant forfattarane. Begge bygde seg feriestad i bygda. Stabburet som Jens Bjørneboe budde fleire somrar i, står i dag i kunstnartunet. Gulle Brun og Signe Seim har begge funne del av si diktarstemme i Leveld. 

3.jpg

I dag kjem det kunstnarar frå heile verda på arbeidsopphald til Leveld. Kunstnarar leverer noko tilbake til bygda og regionen gjennom formidling i form av konsert, foredrag, diktlesing, open verkstad eller til dømes eit samarbeid med skulen. Samspelet mellom kunstnarar utanfrå og det lokale kunst- og kulturlivet er utviklande for begge partar, og eit mål i seg sjølv. Kunstnartunet arrangerer sommarutstilling kvart år, og annankvart år er det "Stabbursfrieri - grenselaus kulturfestival" i tunet. Neste festival blir arrangert sommaren 2023.

Leveld Kunstnartun er ferdig utbygd og oppussa, men utviklar seg stadig for å imøtekomme kunstnaranes behov. I 2021 blei LKT AiR utvida med eit komplett grafisk verkstad som står til gjestekunstnaranes disposisjon. Verkstaden kan idag tilby utstyr til litografi, dyptrykk og snart silketrykk.

Tunet består av to bustadhus: Lærarbustaden og Astridtugu, loftet (stabburet) til Jens Bjørneboe, ein skåle som fungerer som arbeidsrom og to store atelier/arbeidsrom og forsamlingslokale. Det sosiale bufellesskapet er ein del av tanken med Leveld Kunstnartun. Det same er jobbing på tvers av sjangrar og kunstfelt, Kunstnartunet vil vere ein møtestad for tverrfagleg samarbeid og nye uttrykksformer. 

Untitled-2.1.jpg

Lærarbustaden er eit 50-tals hus med plass til 2-4 personar. Her er det nytt bad, nyoppussa kjøkken, to store soverom og to stover. 

Astristugu er det vesle raude huset ved sida av. Her budde Astrid Haugen, heimehjelp og omsorgsperson i bygda. Ho levde eit nøysomt liv i den vesle stova, og tanken er å ta vare på hennar historie. Huset stod ferdig oppussa hausten 2014. Huset inneheld stove med kjøkkenkrok, bad og eitt soverom. Eignar seg for 1-2 personar.

Skålen er eit gamalt uthus som er bygd om til atelier. I den øvre etasjen er det eit 20 km2 stort isolert arbeidsrom, eigna til ulike type skapande aktivitetar. Het står det blant anna ein gamal vev. 

Bjørneboe-loftet er eit viktig kulturminne. Dette loftet kjøpte Jens Bjørneboe og kona Lisel på 50-talet og brukte det som hytte. I dag fungerer det som eit kultursmykke, ein skrivestad og eit tankeloft.

Låven har to gode og store studio/atelier i øvre etasje og forsamlingslokale/fleirbruksrom med kjøkken i 1.etasje. Inngangspartiet mot tunet fungerer også som scene sommarstid. Bygget er teikna av arkitekt Ola Haug Hagen i arkitektfirmaet Arkitekthagen

1.jpg