LEVELD KUNSTNARTUN

Leveld Kunstnartun legg vekt på formidling. Både gjennom årlege sommarutstillingar, fleire bokutgjevelsar, festivalar og gjennom kunstnarane som bur her. Vilkåret for å få bu i Leveld Kunstnartun er nemleg at kunstnaren må gje noko tilbake til lokalsamfunnet. Dette kan vere alt frå eit foredrag, ein konsert, høglesing, utstilling osv. På den måten kan også dei lokale få nytte godt av kunstnartunet.

Sommarutstillinga 2018 heiter Dikt i skogen. Langs skogsstigen bak kunstnartunet kan du oppleve gamal furuskog kombinert med dikt frå ei rekkje forfattarar. Utstillinga med foto av Birgit Hagens vevarbeid er også stilt ut i same området. Utstillinga er gratis og open døgnet rundt!

5.2.jpg

Stabbursfrieri i august

Helga 24.-26. august 2018 arrangerer Leveld Kunstnartun Stabbursfrieri. Dette er ein festival med konsertar, det skrivne ord, utstilling og film. På årets plakat finn me namn som Ole Paus, Ebba Forsberg Trio, Einar Økland, Bendik Baksaas, Helga Myhr, Camilla Lou, Ole Nilssen, Bjørn Kåre Odde, Espen Friberg, Erlend Wichne, Tortusa/Breistein og Ingunn Thon.   Mange av biletkusntnarane som har budd og arbeidd på kunstnartunet stiller ut sine arbeid. Les meir om årets festival HER. Kjøp billettar HER-

Festivalen er ein kulturfestival i vid forstand.  I 2016 stod blant andre Jostein Gaarder, Sigrid Moldestad, Knut Reiersrud, Signe Seim, Berit Opheim, Helga Myhr, Marit Tusvik og Knut Bry og mange fleire for sceneinnslaga. Sjå film frå festivalen under.

Ole_Paus_portrett(1)-kopi.JPG
Einar-Økland-e1437301707416.jpg
ebba forsberg-kopi.jpg
baksaas myhr-kopi.jpg
program Stabbursfrieri 2018.jpg
Untitled-2.1.jpg

Jens Bjørneboe

Sommaren 2018 kan du også sjå Jens Bjørneboe-sitat langs grendavegen i Leveld. Desse har hange oppe sidan sommaren 2013. Utstillinga var eit ledd i markeringa av at loftet etter Lisel og Jens Bjørneboe kunne takast i bruk att etter flytting til Leveld Kunstnartun. Rundt i Leveld er det hengt opp 18 sitat frå Jens Bjørneboe. Det er utdrag frå dikt, essay og intervju. Sitata heng på garasjevegger, stabbur og uthus. Ta runden rundt bygda og få smakebitar av ein av våre mest markante forfattarar.

5.jpg

Birgit Hagen

I skogen ved kunstnartunet kan du sjå foto av Birgit Hagens vevkunst. Utstillinga er open døgnet rundt, fram til snøen nærmar seg i oktober/novemeber. Kunststigen startar ved kunstnartunet og følgjer den ca. 300 meter lange stigen til andre sida av elva Votna. Her er dei 22 Birgit Hagen-bileta stilt ut i skogslandskapet.

Birgit Hagen (1912-2004) var fødd i Vats og voks opp under enkle kår. Ho budde delvis i Ål og i Oslo der ho også hadde studert ved Statens Kvinnelige Industriskole (1943-1945). Ho tok vidareutdanning i Helsingfors. Der vart tekstilkunst den gongen sett på som fri kunstform. Dette vart avgjerande for henne. Ho utvikla eit moderne og personleg formspråk. Ho hadde ein vennekrets i Oslo og København, ho var periodar i Paris og tok lange reiser i Sør-Europa. Her inspirerte impresjonistane og kyrkjekunsten.

Birgit Hagen hadde nokre få utstillingar i Kunstnernes Hus (1952-1953), Triennalen i Milano (1960) og seinare i Kunstindustrimuseet, Oslo (1970). Dette førte også til nokre utsmykkingsoppdrag, men Birgit Hagen var både eit beskjedent og svært «privat» menneske. Ho levde eit ganske tilbaketrekt liv i Ål mellom reisene, og ønskte ikkje at hennar livsverk skulle seljast eller rivast frå kvarandre. Først som pensjonist fekk ho betre økonomi og studerte i Paris (1977-1978), samt ved KHIO og Vestlandets kunstakademi (1980-1982).

Ho var ein stillfaren person og er lite kjent som kunstnar, både lokalt og nasjonalt. I det gamle bondesamfunnet var dette ein utradisjonell livsveg. Kva dreiv henne? Var det for trongt heime? Eller var det nettopp bakgrunnen som gjorde henne til eit skapande vesen? Ho blir eit interessant bindeledd mellom bygdekunst og bygdeliv og kunstimpulsar utanfrå. Å presentere Birgit og kunsten hennar er også med på å utfylle biletet av vår lokale, nære kunsthistorie.

I 2002 fekk Hallingdal Museum heile kunstsamlinga. Alle originalar tilhøyrer difor Hallingdal Museum. Fylkesfotograf Bjørn Johnsen har fotografert heile kunstsamlinga. Utstillinga var henta frå denne fotosamlinga. Utvalet prøvde å vise utviklinga i hennar arbeid, frå start til slutt, både i temaval og uttrykk. Utstillinga fekk også fram dei ulike fargeuttrykka og materiala ho brukte i biletteppa sine.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Leveld Kunstnartun, Hallingdal Museum og Stiftelsen til fremme av Birgit Hagens kunst.

1.jpg

CreDogma

Installasjonen CreDogma står i kunstnartunet. Kunstverket er todelt, ein skulptur og eit lydspor. Det er skapt av det nederlandske kunstnarparet Arno Peeters og Iris Honderdos som budde på Leveld Kunstnartun sommaren 2016.

Dei kom hit med eit ope sinn utan å ha bestemt kva dei ville skape her, og vart raskt fanga inn av Jens Bjørneboe, som dei aldri hadde høyrt om. Dei las «Frihetens øyeblikk» og vart fengsla av motet hans til å stå opp for det han trudde på og kjempe for det i det offentlege rom. Med Bjørneboe som ballast begynte dei sitt kunstnariske arbeid med CreDogma. CREDO er latinsk og betyr «eg trur», ikkje knytt til religiøs tru, men det du står for, det som er viktig for deg og som du er villig til å kjempe for. Credo er ei kraft som kjem innanfrå. DOGMA er dei kreftene som påverkar deg utanfrå og som det blir forventa du skal tilpasse deg. Me kjenner det i ordet dogmatisk.

Det er kampen mellom desse kreftene kunstnarane vil ha oss til å reflektere over. Kva er du villig til å kjempe for, sjølv om du støyter på sterke motkrefter? Friheit kostar ofte meir enn ufriheit, seier Bjørneboe.Det kan vera enklare å følge straumen og den alminnelege oppfatning (dogma), men er det dette DU trur på? Iris og Arno vil utfordre oss, til å kjenne etter.

Sjå film HER

Untitled-211.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

Credo-Dogma1.1.jpg

Bok om Astrid Haugen


Astrid er tittelen på boka Leveld Kunstnartun og Boksmia forlag gav ut våren 2015. Det er Borgny Feten og Olav Randen som har skrive historia om Astrid Haugen (1914-1991). Ho  levde eit liv i omsorg for andre, som heimehjelp i Nordbygdenme lenge før dette var ei kommunal oppgåve. Når nokon vart sjuk eller av andre grunnar trong hjelp, var Astrid den fyrste dei ringde til. I dag står Astridstugu i kunstnartunet, og med denne boka ynskjer me å lyfte fram Astrid Haugen og livsgjerninga hennar.

Boka er til sals hjå Perstølen Libris Ål, Hallingmøbler og Snarkjøp Samhald. Du kan også kjøpe/tinge den direkte hjå Boksmia forlag, tlf. 32 08 43 98, epost: boksmia@online.no

5.2.jpg

 

 

 

 

 

Astridboka.jpg

Signe Seim


 Det meste av tida frå 1954 til 1970 budde den folkekjære lyrikaren Signe Seim i Leveld, der ho var lærar ved Leveld skule. Mange av dikta hennar vart til her, og Leveld, naturen og særleg fjella rundt bygda har ein stor plass i diktinga hennar. I boka «Det måtte ver her» har Signe Seim gjort eit utval dikt frå denne tida. Brit Honne Paulsen har illustrert boka med akvarellar. Med boka følgjer ein CD der Signe Seim les dikt og med musikk av Eilif Gundersen. Boka er gjeve ut av Boksmia forlag og Leveld Kunstnartun. 

3.jpg

 

 

 

 

 

cover.jpg

Knut Bry - Empty stores on empty barns


Fotograf Knut Bry har reiste landet rundt og fotografert nedlagde butikkar. Dette vart uteutstillinga «Empty Stores». I Leveld var dei 40 bileta hengt opp på nedlagde låvar – derfor «Empty Stores on Empty Barns». Nokre av dei største bileta heng framleis på låveveggene i Leveld. Ta turen rundt bygda – med bil, sykkel eller til fots – og få med deg dei flotte bileta, i tillegg til Bjørneboe-sitata.

Untitled-24.jpg

4 fotografar

I 2017 heitte sommarutstillinga 4 fotografar. Denne utstillinga heng ikkje oppe denne sommaren.

Dei fire fotografane – Hector Hernandez Rosas, France Dubois, Loek van Vliet og Darren Rigo – har alle budd og arbeidd på kunstnartunet. Fleire av bileta i utstillinga var tekne i Leveld, og alle vart arbeidd med under opphalda her.

France Dubois er frå Belgia. Arbeida hennar spelar på forholdet mellom kropp og kjensler. Mellom det visuelle og det usynlege – skjørheit og liding. Poesi og intuisjon formar bileta hennar. Miksen mellom skjønnheit og svakheit syner sårbare kjensler i ei verd mellom draumar og verkelegheit.

Darren Rigo er frå Canada. Han er inspirert av det absurde i kvardagen. Darren likar å leike med å setje saman ting som ikkje høyre heime ute i naturen. Dette er eit gjennomgåande tema, anten det er snømann med solbriller, amfi i skogen eller mosekledd stein med tortillas kjøpt på Samhald.

Hector Hernandez Rosas er frå Spania. Han er spesielt inspirert av forholdet mellom landskap, klima og miljø. Øyeblikka av intimitet til naturen er viktige for Hector. Det å kjenne seg i eitt med andre levande system som er så overordna viktige for liva våre.

Loek van Vliet er frå Nederland. Inspirasjonen har vore å sjå på det europeiske landskapet si utvikling gjennom tidene. Loek har teke bilete langs den tyske Autobahnen. Det er utsikt som blir tvungne på deg medan du køyrer, landskap som er synleg, men også usynleg og utilgjengeleg på same tid.

3.jpg

Fredlaus

Sommaren 2014 kunne ein oppleve spennande fotoutstilling, idyllisk skogstur og ein bit av soga om Eivind Fredlaus i ein og same tur. Mange tok turen til Leveld denne sommaren, meir enn 700 signerte gjesteboka i Steinstugu til Eivind Fredlaus. Utstillinga heng ikkje oppe denne sommaren.

Ein vinterdag i 1719 tok Eivind Gudbrandsgard i Leveld livet av ein sambygding med kniv. Dei hadde vore usamde om eigedomsretten i utmarka og kom i slagsmål. Eivind vart dømt til døden, men lensmannen fekk ikkje tak i han. I 18 år heldt han seg gøymd, det meste av tida i høgfjellet mellom Hallingdal og Indre Sogn. Mange bygdefolk meinte drapet hadde skjedd i vanvare og at det ikkje var rett å dømme Eivind til døden. Difor hjelpte dei han.
Stundom våga han seg ned mot heimbygda. Då heldt han til under dei veldige steinane bak Høgehaug, der det i tradisjonen har fått namnet Steinstugu. Derifrå kunne han følgje med på livet heime i Gudbrandsgard og i bygda, utan å vekkje oppsikt.
Så nær, men likevel så langt unna. På vegen dit fekk folk sjå korleis tre unge fotografar, Signe Fuglesteg Luksengard, ingvild Reinton og Thomas Mørch, tolka teamet i utstillinga Fredlaus. 

Untitled-2.1.jpg